Paraglide-tandem-HelgeFossaa.jpg Foto: Helge Fosså

Tandem paragliding

Informasjon

Booking gjerast på mail: tandembooking@vosshpk.no

Booking er ikkje bekrefta før du blir kontakta av ein instruktør. 

Dessverre er det få tilgjengelege pilotar gjennom sommar og haust-sesongen. Dersom du ikkje får svar på din førespurnad på mail er det fordi det ikkje er nokon ledige pilotar. 

English: 

Tandem booking throgh email: tandembooking@vosshpk.no

Booking is not confirmed until you get contacted by one of our instructors.

Unfortunately, we are few available pilots during the 2023 summer/fall season. If you don't recieve an answer to your request at tandembooking@vosshpk.no, it is because there is no pilots available at the requested time. 

Prices and payment

Payment with card or Vipps to the pilot after the flight. 

Voss: 2400 NOK

 Liftpass for the cablecar is not included. 

Aurland: 3400 NOK

Opplev eit eventyr!

Voss Hang og paragliderklubb har mange erfarne tandeminstruktørar som kan ta deg med på vestlandets vakraste eventyr, å fly høgt over Voss i ein paraglider. Kjenn på spenninga, naturen og vindsuset. Ikkje mange har same moglegheit til å få prøva paragliding. 

Ein tandem paraglider er laga for at 2 personer skal fly saman. Du vil sitta behageleg i ein sele, medan instruktøren sit bak deg og styrer heile flyturen. Mellom oss er det eit stangsystem som me begge heng i, og som paraglidaren er festa til. Du kan også få styre litt sjølv om du vil!

Turen starter med at instruktøren forklarar deg nøye kva som skal skje. Utstyret vert lagt ut og blir kontrollert av instruktøren. Etter dette vil me snakke om kva du skal gjere og korleis du vil oppleva det under turen. Det er veldig naturleg om du er nervøs, men erfaringa vår er at når ein er i lufta vert slike ting gløymt fort, og du vil nyte turen. Du kan ta bilete der oppe frå, så ta med kamera. Hugs varme gode sko og klede, det kan vere kjølig i høgda sjølv om det er varmt på bakken.

Tryggleiken er vår fyrste prioritet. Om vér og vind ikkje er bra den dagen som er satt opp til flytur, kan den bli flytta eller kanselert på kort varsel.

Gåvekort på tandem finn du her: Tandem paragliding gavekort