Klubbhus på Bømoen og klubbvogn

Bømoen 

Klubben har eit klubbhus på Bømoen ved Voss fallskjermklubb sine lokale. Dette vert nytta heile året til kursing. Alle medlemmar av klubben har tilgang til lokala. Koden til døra vert skifta ved jamne mellomrom, så kontakt driftsansvarleg for å få ny kode. 

Når ein nyttar klubbhuset lyt alle forsøke å ivareta og vedlikehalde lokala så godt som mogleg. Vi vil halde det reint og triveleg, noko som er svært viktig då vi lagrar alt av klubbutstyret vårt her. Så vennligst hjelp oss med å ivareta dette. 

Klubbvogn 

Vi har også ei klubbvogn som står plassert ved hovudlandinga vår på Vangen. Her har vi moglegheit for å lagre div. utstyr som tandemutstyr, betalingsterminalar og førstehjelpsutstyr m.m. I tillegg er vogna operativ gjennom ekstremsportveko til blant anna tandembooking.

Ved vogna er det kome på plass to benkar som er tiltenkt medlemmar av klubben. Her kan ein samlast etter flyging for sosialt og grilling ved å nytte seg av dei to grillane som også står her. Ved grunnkurs i paragliding er det ofte at ein samlast her ein kveld eller to i løpet av eit kurs. Då er det kjekt om andre medlemmar også vil vera med. Også her er det sjølvsagt viktig å halde det ryddig og fritt for boss slik at alt er klart til dei neste som kjem.