Dagaligleder Malene Hetle Hole fdddddddddddddd

Aktuelt

Driftsansvarleg

Eg heiter Malene Hetle Hole, og eg er nytilsett som driftsansvarleg i Voss hang- og paragliderklubb. Eg skal jobbe ilag med Morten, og med god hjelp frå Kjell overtek eg noko av det arbeidet han har gjort. Eg var så heldig å ha første arbeidsdag måndag under Ekstremsportveko. Sidan det har vi hatt møte i sikkerheitsgruppa, klubben har gjennomført fotstartkurs og grunnkurs i paragliding, og denne veka har det vore nødskjermkast-kurs og SIV-kurs. Så no er det veldig kjekt å vere i gang med jobben, kursing og mykje nytt å lære.

Eg vil også nytte anledninga til å fortelje litt om meg sjølv for dei som ikkje kjenner meg. Eg kjem frå Kyrkjebø i Sogn, og er nyutdanna geolog. Eg kom til Voss i 2017 og vart medlem i klubben då eg gjekk på folkehøgskulen. Då begynte eg med luftsport, i hovudsak speedriding og fallskjermhopping. Seinare har eg begynt å fly paraglider også. Etter nokre år i sporten vart eg hjelpeinstruktør på kurs i speedriding, og deretter vart eg instruktør. I 2021 kom eg inn i styret, og var styremedlem fram til eg vart tilsett no. Dei siste åra har eg gradvis vorte meir engasjert, og det har vore givande å forsøke å bidra best mogleg til klubben og miljøet her på Voss. Difor er det veldig kjekt og spennande for meg å vere tilbake på Voss, og få tillit i denne stillinga. Eg vil halde fram med å jobbe for at Voss hang- og paragliderklubb skal vere ein god klubb for alle medlemmar. Eg gler meg til fortsetjinga, og ikkje minst til å bli betre kjend med alle dykk. Så kom gjerne bort og slå av ein prat.

Dersom nokon har innspel eller spørsmål rundt kurs og drift, kan eg kontaktast på mail: malene@vosshpk.no.

Vi sjåast i lufta!