Om kursing

Voss Hang- og Paraglidarklubb

er Noregs største klubb med sine over 450 medlemar.

Me har erfarne instruktørar som tek godt vare på kurselevane. Voss er ein svært godt eigna plass til paragliding og kurs. Sidan  starten i 1976 har klubben heile tida utvikla eit kjekt og aktivt miljø. Området rundt oss har gode og lett tilgjengelege startar på alle vindretningar. Ta PG-kurset på Voss !

 

 

 

Me har 3 typar kurs: intensivkurs, helgekurs og eit kurs som går over to puljer.

Intensivkurset går over 10 dagar. Du må vere med heile tiden under kurset. Du må altså ha fri heile dagen. Du må óg sette av ei helg etter kurset for oppfølging viss kurset ikkje vert ferdig, eller om du treng litt meir trening.
Helgekursa går i helgene. Du må kunne delta minst 4 helger etter kvarandre.
Puljekurset går over 2 perioder på 5 dagar med ca. 5 dagar pause mellom. Du må ha fri alle dagar og sette av heile dagane til kurset. 
Me kurser ofte tidleg om morgonen, for då er det rolege vindtilhøve. Pause på dagen og så gjerne flyging att på kvelden. Nokre dagar reiser vi bort og er vekke heile dagen. Så desse dagane har du ikkje mykje tid til anna enn PG-kurset.

Krav til kursdeltakarane

Du må vere fylt 15 år og vere i vanleg god fysisk form. I skulebakken går me opp og ned heile dagen, så du kan bli sliten. Men etter kvart som du avanserar bli det lettare og lettare. Til dei fleste startane på Voss kjem me opp i bil. Du må ha solid fottøy og varme vindtette klær.

Korleis går kurset fram?

Først får du lære om utstyret og korleis du startar og lander. Så får du prøve i ein veldig liten bakke, du flyr nokre meter nedover, og jublar! Første småturen i lufta gløymer du ikkje!  Vi held på med dette til alle er klare for å gå vidare. Neste trinn er mellomstadie-bakker. Her får du lære å svinge og berekne innflyging til landing. Når alle mestrer dette går me vidare til høgdeturar, med øvingar som legge inn øyrer, fly sakte, svinge jamne sirklar og svinge med D-raisere. For å få utsjekk som elev- pilot som kan fly  åleine på staer der du har løyve av ein instruktør, må du ha minst 10 høgdeturar.  På Voss har kurselevar ofte 15 til 18 turer før dei er på eigenhand. Kurset har også teoritimar, dei tek me helst når det ikkje er flybart. Du må bestå ein teoriprøve.

Kva kostar eit paragliderkurs og kva inkluderer det?

Eit nybyrjarkurs i paragliding kostar kr. 10 500,- For dei mellom 15 og 20 år er prisen 9000,-. 

Prisen inkluderer:

  • Lån av utstyr under kurset: Paraglidar, seletøy, hjelm
  • Kursmateriell: Lærebøker, handbok og loggbok
  • Medlemskap i Voss Hang- og Paraglidarklubb
  • Medlemskap i Norges Luftsportsforbund.
  • 4 utgaver av tidsskriftet "Fri Flukt" som held deg oppdatert på kva som skjer i paraglidar- og hangglidarmiljøet i Noreg
  • Personlig ulukkesforsikring og tredjemannsforsikring for paraglidinga

Kursplan 2016/2017

Meld deg på online:
http://ww.vosshpk.com/kurs
Eller ring vår kurskoordinator 922 85 740