1.jpg

Grunnkurs paragliding

Varigheit: 9 dagar

Pris: 13.900,-

Eit grunnkurs er eit nybegynnarkurs for å lære å fly paraglider. Det krevjar ingen førkunnskap, men det er lange dagar i fysisk aktivitet så det føreset at du er i normal fysisk form. Kor langt vi kjem i progresjonen er heilt avhengig av vêret. På nokre kurs vert ein ferdig og får utstedt kompetansebevis før endt kurs. Andre gonger krevjer det ein del eigen innsats og oppfølging frå instruktør etter kurs for å bli ferdig med progresjonen. 

Her finn du oversikt over alle kurs.

Weightless er ein inspirerande liten PG-film. Det er ikkje heilt der ein er etter eit grunnkurs på Voss, men det er første steg på vegen.

Korleis er det å vere på grunnkurs?

Voss Hang- og Paraglidarklubb er Noregs største klubb med over 800 medlemmar. Vi har erfarne instruktørar som tek godt vare på kurselevane. Voss er ein svært godt eigna plass til paragliding og kurs. Sidan starten i 1976 har klubben heile tida utvikla eit kjekt og aktivt miljø. Området rundt oss har gode og lett tilgjengelege startar på alle vindretningar. Ta PG-kurset på Voss!

Intensivkurs 

Me har kun intensivkurs som går over 9 dagar. Du må vere med heile tida under kurset, du må altså ha heile dagen til disposisjon.
Me kursar ofte tidleg om morgonen, for då er det rolege vindtilhøve. Så er det pause midt på dagen, og gjerne flyging att på kvelden. Nokre dagar reiser vi og er vekke heile dagen. Så desse dagane har du ikkje mykje tid til anna enn PG-kurset.

Du må vere fylt 15 år og vere i vanleg god fysisk form. I skulebakken går me opp og ned heile dagen, så du kan bli sliten. Etter kvart i progresjonen blir det gradvis lettare. Til dei fleste startane på Voss kjem me opp i bil. Du må ha solid fottøy og varme, vindtette klede.

Først får du lære om utstyret og korleis du startar og landar. Deretter får du prøve i ein liten bakke kor ein kan lette litt, og flyr nokre meter og jublar! Første turen i lufta gløymer du ikkje! Vi held på med dette til alle er klare for å gå vidare. Neste trinn er mellomstadie-bakke. Her får du lære å svinge og berekne innflyging til landing. Når alle mestrer dette går me vidare til høgdeturar, med øvingar som legge inn øyrer, fly sakte, svinge jamne sirklar og svinge med bak-raisere. For å få ut PP2 må du ha minst 30 turar, derav minst 10 høgdeturar. På Voss har kurselevar ofte betydelig flere turer før kurset er ferdig. Kurset har også mange teoritimar, dei tek me helst når det ikkje er flybart. Du må bestå ein teoriprøve.

Pris 

Priskurs i 2024 er 13 900 kr. I tillegg kjem forbundskontigent, medlemsavgift, forsikring (lisens) og lærebok i paragliding

Prisen inkluderar:

Lån av utstyr under kurset: paraglider, seletøy, og hjelm.

Påmelding 

Dersom du vil vere med på kurs gjer du påmeldinga gjennom MinIdrett. Lenka nedanfor inneheld alt du treng å vite for påmelding og betaling av kurs. 

Info om kurs og betaling PG 2024

Her er også lenke til kurskontrakt som skal signerast før oppstart av kurs. Skriv gjerne ut og ta med ferdig signert til første dag på grunnkurset. 

Kurskontrakt 2024

Betaling 

Vennligst gjer all kursbetaling til bankkonto 9581.05.18384 og merk innbetaling med namn og kva kurs det gjeld.

Hugs depositum på 5.000,- ved påmelding. Det er tidspunkt for innbetaling av depositum som gir rett til plass på kurs. Betal til klubbkonto 9581.05.18384. 

Overnatting 

Voss Fallskjermklubb tilbyr overnatting i bunkhouse, bubil, campingvogn, og telt. Book overnatting her.

Er det ellers noko du lurer på når det gjeld kurs, ta kontakt direkte med kurskoordinator på mail:

Malene Hetle Hole: malene@vosshpk.no