Klubb lover og regler

LOV FOR VOSS HANG OG PARAGLIDERKLUBB
Lov for Voss Hang og Paragliderklubb (Voss HPK), skipa 01.04.1974, med seinare
endringar, seinast av 01.03.2013.
I. INNLEIANDE REGLAR
§ 1 Formål
(1) Voss HPK sitt formål er å drive luftsport organisert i Norges idrettsforbund og
olympiske og paralympiske komité (NIF), Noregs Luftsportsforbund - Hang og
Paragliderseksjonen.
(2) Arbeidet skal pregast av frivilligheit, demokrati, lojalitet og likeverd. All idrettsleg
aktivitet skal byggje på grunnverdiar som idrettsglede, fellesskap, helse og ærlegdom.
§ 2 Organisasjon
(1) Voss HPK er sjølveigande og frittståande med berre personlege medlemer.
(2) Voss HPK er medlem av Noregs Luftsportsforbund, Hang og Paragliderseksjonen
(3) Voss HPK er medlem av NIF gjennom Hordaland idrettskrets, høyrer heime i Voss
kommune, og er medlem av Voss idrettsråd.
(4) Voss HPK skal fylgja NIF og tilslutta organisasjonsledd sitt regelverk og vedtak. NIFlova
gjeld for Voss HPK uavhengig av kva som måtte stå i Voss HPK si eiga lov.
§ 3 Medlemer
(1) Alle som aksepterer Voss HPK og overordna organisasjonsledd sine lover og vedtak
kan bli tatt opp som medlem. Ein søkjar kan ikkje bli medlem utan at økonomiske plikter
til idrettslaget og andre organisasjonsledd i NIF er gjort opp.
(2) Medlemskap kan nektast ved særlege høve. Voss HPK si avgjerd kan klagast til
idrettskretsen. Klagefristen er 3 veker etter at vedtaket er motteke. Idrettskretsen si
avgjerd kan klagast til Idrettsstyret innan 3 veker etter at rekommandert melding er
motteken.
(3) Medlemskap i Voss HPK er først gyldig og vert rekna frå den dag første kontingent er
betalt.
(4) Medlemen pliktar å rette seg etter NIF, tilslutta organisasjonsledd og Voss HPK sitt
regelverk og vedtak.
Side 2 av 10
(5) Utmelding skal skje skriftleg og får verknad når den er motteken.
(6) Voss HPK kan ta medlemskap frå medlem som etter purring ikkje betalar fastsett
medlemskontingent. Medlem som skuldar kontingent for to år taper automatisk sitt
medlemskap i Voss HPK og skal strykast frå medlemslista. Medlem som har tapt sin
medlemskap kan ikkje takast opp att før skuldig kontingent er betalt.
(7) Voss HPK skal føre medlemslister.
(8) Voss HPK pliktar å føre elektroniske medlemslister i idretten sitt nasjonale
medlemsregister i tråd med forskrift gitt av Idrettsstyret.
§ 4 Medlemskontingent og avgifter
Medlemskontingenten vert fastsett av årsmøtet. Andre avgifter/eigendelar kan krevjast
for deltaking i Voss HPK sine aktivitetstilbod.
II. TILLITSVALDE OG TILSETTE
§ 5 Kjønnsfordeling
(1) Ved val/oppnemning av representantar til årsmøte/ting, samt medlemer til styre, råd
og utval mv. i idrettslaget, skal det veljast personar frå begge kjønn.
(2) Samansetjinga skal samsvare i høve til kjønnsfordelinga i medlemsmassen, likevel
slik at det skal vere minst to personar frå kvart kjønn der det vert valt eller oppnemnt meir
enn 3 personar. Der det blir valt eller oppnemnt 3 personar eller færre, skal begge kjønn
vere representert. Representant for dei tilsette tel ikkje med ved utrekning av
kjønnsfordelinga.
(3) Idrettskretsen kan, når det ligg føre særlege tilhøve, gje dispensasjon frå denne
regelen.
(4) Idrettsstyret kan gi forskrift om nærare vilkår for dispensasjon og konsekvensane av
manglande oppfylling av regelen.
§ 6 Generelle reglar om stemmerett, kven som kan veljast, forslagsrett m.v.
(1) For å ha stemmerett og kunne veljast må ein vere fylt 15 år, ha vore medlem av Voss
HPK i minst ein månad og ha oppfylt medlemskrava. Ingen kan møte eller stemme ved
fullmakt.
(2) Ein arbeidstakar i Voss HPK har ikkje stemmerett på idrettslaget sitt ordinære eller
ekstraordinære årsmøte. Dette gjeld ikkje for utøvar med kontrakt og medlemskap i Voss
HPK.
Side 3 av 10
(3) Ein person kan ikkje samtidig ha meir enn eit av følgjande verv i Voss HPK: medlem
av styret, valkomitéen, kontrollkomitéen, lovutvalet , revisor.
(4) Ein person kan ikkje ha tillitsverv knytt til same idrett i fleire idrettslag som deltek i
same konkurranse.
(5) Engasjert revisor har talerett på ordinært og ekstraordinært årsmøte i saker som ligg
innanfor sitt arbeidsområde.
(6) Representant frå overordna organisasjonsledd har talerett på ordinært og
ekstraordinært årsmøte i idrettslaget.
(7) Med forslagsrett er meint retten for medlem til å fremje forslag til Voss HPK sitt
årsmøte og til å fremje forslag under årsmøtet.
§ 7 Representasjonsrett og vilkår for val av arbeidstakar og oppdragstakar
(1) Ein arbeidstakar i Voss HPK kan ikkje veljast til verv i laget eller overordna
organisasjonsledd. Tillitsvalt som får tilsetjing i Voss HPK pliktar å gå ut av tillitsvervet,
og går inn att i vervet når tilsetjingstilhøvet er avslutta.
(2) Ein arbeidstakar i Voss HPK kan ikkje veljast eller oppnemnast som representant til
årsmøte/ting eller møte i overordna organisasjonsledd.
(3) Første og andre ledd gjeld ikkje for arbeidstakar som er spelar/utøvar med kontrakt og
medlemskap i Voss HPK.
(4) Regelen skal brukast tilsvarande på person som har oppdragsavtale som i omfang kan
samanliknast med eit tilsetjingstilhøve i Voss HPK.
(5) Denne regelen er ikkje til hinder for at Voss HPK gir dei tilsette rett til å peike ut ein
eller fleire medlemer mellom dei tilsette til Voss HPK sitt styre.
(6) Idrettskretsen kan, når det ligg føre særlege tilhøve, gi dispensasjon.
(7) Idrettsstyret kan gi forskrift om nærare vilkår for dispensasjon.
§ 8 Vilkår for val, og representasjonsrett for andre personar med tilknyting til Voss HPK
(1) Ein person som har avtale med Voss HPK som gir vedkomande økonomisk interesse i
drifta av Voss HPK, kan ikkje veljast til verv innan Voss HPK eller overordna ledd. Det
same gjeld styremedlem, tilsett i eller aksjonær med vesentleg påverknad i ein juridisk
person med økonomisk interesse i drifta av Voss HPK. Avgrensinga gjeld ikkje for
styremedlem oppnemnt av Voss HPK. Tillitsvald som får slik avtale, styreverv, tilsetjing
eller eigardel, pliktar å gå ut av tillitsvervet, og går inn att når tilhøvet er avslutta.
Side 4 av 10
(2) Person som etter første ledd ikkje kan veljast, kan heller ikkje veljast eller
oppnemnast som representant til årsmøte/ting eller møte i overordna organisasjonsledd.
(3) Idrettskretsen kan når det ligg føre særlege tilhøve gi dispensasjon.
(4) Idrettsstyret kan gi forskrift om nærare vilkår for dispensasjon.
§ 9 Inhabilitet
(1) Ein tillitsvald, oppnemnd representant eller tilsett i Voss HPK er inhabil til å leggje
til rette grunnlaget for ei avgjerd eller til å treffe avgjerda:
a) når vedkomande sjølv er part i saka.
b) når vedkomande er i slekt eller svogerskap med ein part i oppstigande
eller nedstigande linje eller i sidelinje så nær som søsken.
c) når vedkomande er eller har vore gift med eller er forlova eller sambuar med ein
part.
d) når vedkomande er leiar for eller har leiande stilling i eller er medlem av
styret i eit organisasjonsledd eller annan juridisk person som er part i saka.
(2) Sameleis er vedkomande inhabil når andre særeigne tilhøve ligg føre som er eigna til
å svekke tilliten til om vedkomande er upartisk; mellom anna skal det leggjast vekt på om
avgjerda i saka kan gi særleg fordel, tap eller ulempe for vedkomande sjølv eller nokon
som vedkomande har nær personleg tilknyting til. Det skal også leggjast vekt på om
inhabilitetsmotsegn er reist av ein part.
(3) Er ein overordna inhabil, kan avgjerd i saka heller ikkje treffast av direkte underordna
i Voss HPK.
(4) Inhabilitetsreglane skal ikkje brukast dersom det er innlysande at den tillitsvalde,
oppnemnde representanten eller tilsette si tilknyting til saka eller partane ikkje vil kunne
påverke vedkomande sitt standpunkt og idrettslege interesser ikkje tilseier at
vedkomande bør vike sete.
(5) Med part er det her meint person, medrekna juridisk person, som ei avgjerd rettar seg
mot eller som saka elles direkte gjeld.
(6) I styret, komitear og utval tek organet sjølv avgjerd, utan at vedkomande medlem
deltek. Dersom det i ei og same sak kjem opp spørsmål om inhabilitet for fleire
medlemer, kan ingen av dei delta i avgjerda av sin eigen eller ein annan medlem sin
habilitet, med mindre organet elles ikkje ville vere vedtaksført i spørsmålet. I sistnemnde
tilfelle skal alle møtande medlemer delta. Medlemen skal i god tid seie frå om tilhøve
som gjer eller kan gjere vedkomande inhabil. Før spørsmålet vert avgjort, bør
varamedlem eller annan person som kan tre inn i staden for, kallast inn til å møte og delta
i avgjerda, dersom det kan gjerast utan vesentleg bruk av ekstra tid eller kostnad.
Side 5 av 10
(7) Ved andre høve tek vedkomande sjølv avgjerda om vedkomande er inhabil. Dersom
ein part krev det, og det kan gjerast utan vesentleg ekstra bruk av tid, eller vedkomande
elles finn grunn til det, skal vedkomande sjølv leggje fram spørsmålet for sin næraste
overordna til avgjerd.
(8) Regelen gjeld ikkje på årsmøtet i Voss HPK.
§ 10 Krav til vedtak, fleirtalskrav og protokoll
(1) Når ikkje anna er bestemt, er styre, komitear og utval i Voss HPK vedtaksføre når eit
fleirtal av medlemene er til stades. Vedtak vert fatta med fleirtal av dei gjevne stemmene.
Ved likt stemmetal er møteleiar si stemme avgjerande.
(2) Vedtak kan fattast ved skriftleg sakshandsaming eller ved fjernmøte. Ved skriftleg
sakshandsaming skal kopiar av dokument i saka sendast samtidig til alle medlemer med
forslag til vedtak. Gyldige vedtak krev at fleirtalet av medlemene gir sin tilslutnad til det
framlagde forslaget, og til at dette vert gjort etter skriftleg sakshandsaming. Ved
fjernmøte skal alle møtedeltakarane kunne høyre og kommunisere med kvarandre.
(3) Det skal førast protokoll frå styremøta.
§ 11 Tillitsvalde og refusjon av utgifter og tapt arbeidsforteneste. Godtgjersle
Tillitsvalde kan ta i mot refusjon for nødvendige, faktiske utgifter, inkludert tap av
arbeidsforteneste, som vedkomande får i samband med utføring av vervet. Tillitsvalde
kan ta i mot ei rimeleg godtgjersle for arbeidet sitt. Refusjon av tapt arbeidsforteneste og
godtgjersle skal gå fram av vedteke budsjett og rekneskap. Styrehonorar skal kome fram i
årsmeldinga.
III. ØKONOMI
§ 12 Rekneskap, revisjon, budsjett m.v.
(1) Voss HPK er rekneskaps- og revisjonspliktig.
(2) Idrettslag med årleg omsetnad på under kr 5 millionar skal følgje NIF sine
rekneskaps- og revisjonsreglar. Andre idrettslag skal følgje rekneskapsreglane i
rekneskapslova og revisjonsreglane i revisorlova, og skal engasjere revisor og velje
kontrollkomité. Kontrollkomiteen sine oppgåver følgjer av NIF-lova § 2-12.
(3) Bankkonti skal vere knytt til Voss HPK og skal disponerast av minst to personar i
fellesskap (Leiar og kasserar?). Underslagforsikring skal vere teikna for dei som
disponerer.
(4) På årsmøtet skal det fastsetjast budsjett som inneheld alle hovudpostar i
resultatrekneskapen. Rekneskap og budsjett for idrettslag som er organisert med
Side 6 av 10
grupper/avdelingar, skal også omfatte rekneskapa og budsjetta for gruppene/avdelingane,
og skal følgje oppsettet i Norsk Standard kontoplan.
(5) Budsjettet skal vere realistisk, og resultatet skal ikkje vise underskot med mindre det
vert dekt av positiv eigenkapital.
(6) Voss HPK kan ikkje gi lån eller stille garantiar for lån dersom ikkje lånet eller
garantien har sikring med trygg pant eller annan fullgod sikring. Sikring for lån og
garantiar skal opplysast i note til årsoppgjeret.
(7) Disposisjonar av ekstraordinær karakter eller vesentleg omfang i høve til Voss HPK
sin storleik og verksemd, også låneopptak, skal vedtakast av årsmøtet. Årsmøtet bør
vedta eit særskilt fullmaktsreglement knytt til slike disposisjonar.
IV. ÅRSMØTE, STYRE, UTVAL MV.
§ 13 Årsmøtet
(1) Årsmøtet er idrettslaget sitt høgste styringsorgan, og skal haldast kvart år i februar
månad.
(2) Ekstraordinært årsmøte vert innkalla direkte til medlemene eller på idrettslaget si
internettside. Innkallinga skal vise til at saksdokumenta vert gjort tilgjengeleg på
internett. Forslag som skal handsamast på årsmøtet må vere sendt til styret seinast 2 veker
før årsmøtet. Fullstendig sakliste og andre nødvendige saksdokument med forslag må
vere tilgjengeleg for medlemene seinast ei veke før årsmøtet.
(3) Ved innkalling i strid med regelen, avgjer årsmøtet høvesvis ved godkjenning av
innkalling og godkjenning av saklista, om årsmøtet er lovleg innkalla og om det er saker
som ikkje kan handsamast.
(4) Alle medlemene i idrettslaget har tilgjenge til årsmøtet. Årsmøtet kan invitere andre
personar og/eller media til å vere til stades, eventuelt vedta at årsmøtet berre er ope for
medlemer.
(5) Årsmøtet er vedtaksført dersom det møter eit tal medlemer med stemmerett som minst
svarar til talet på styremedlemer vedteke i idrettslaget si lov. Dersom årsmøtet ikkje er
vedtaksført, kan det innkallast til årsmøte på nytt utan krav om minimumsdeltaking.
(6) På årsmøtet kan det ikkje handsamast framlegg om endring i lov eller reglar som ikkje
er ført opp på utsend/kunngjort sakliste. Andre saker kan handsamast når 2/3 av dei
frammøtte med stemmerett på årsmøtet vedtek det, ved godkjenning av saklista.
§ 14 Leiing av årsmøtet
Side 7 av 10
Årsmøtet vert leia av vald(e) dirigent(ar). Dirigenten(-ane) treng ikkje vere medlem av
idrettslaget.
§ 15 Årsmøtet sine oppgåver
(1)Årsmøtet skal:
1. Godkjenne dei som har stemmerett
2. Godkjenne innkallinga, saklista og møtereglane
3. Velje dirigent(ar), referent(ar) og 2 medlemer til å skrive under protokollen
4. Handsame idrettslaget si årsmelding, irekna eventuelle gruppeårsmeldingar
5. Handsame idrettslaget sin rekneskap i revidert stand
6. Handsame forslag og saker
7. Fastsetje medlemskontingenten
8. Handsame idrettslaget sin organisasjonsplan
9. Gjere fylgjande val:
a) Leiar 2 år.
b) Nestleiar 2 år.
c) Kasserar 2 år.
d) Skrivar 2 år.
e) 2 styremedlemer og 2 varamedlem 2 år.
f) Andre val i høve til organisasjonsplan vedteken av årsmøtet, jf. pkt. 9.
g) 2 revisorar.
h) Valkomité med 1 leiar og 1 medlem for neste årsmøte, fortrinnsvis nyleg
avtroppande styremedlemer, for å sikra kontinuitet.
(2) Leiar og nestleiar skal veljast enkeltvis. Dei andre medlemene til styret skal veljast
samla. Deretter skal varamedlemene veljast samla, og ved skriftleg val vert rekkjefølgja
avgjord i høve til stemmetala.
(3) Valkomiteen skal veljast på fritt grunnlag, etter innstilling frå styret.
(4) Sidan styresamansetnaden pr 01.03.13 er slik:
Nestleiar på val
Sekretær på val
kasserar på val
Styremedlem på val
3 Styremedlemer 1 år att
Skal det veljast 1 styremedlem og 2 varamedlemmer på årsmøtet i 2014 i staden for 3
styremedlemer for å komma til styresamansetnaden beskrive i §15 punkt 1. Det vil då
verta vald leiar og nestleiar annakvart årsmøte, som sikrar kontinuitet. Etter årsmøtet i
2014 fell §15 punkt 4 vekk i sin heilheit.
Side 8 av 10
§ 16 Stemmegjeving på årsmøtet
(1) Med mindre noko anna er fastlagt i denne lova, skal eit vedtak, for å vere gyldig, vere
gjort med vanleg fleirtal av dei avgjevne stemmene. Ingen representant har meir enn ei
stemme. Ingen kan møte eller stemme ved fullmakt. Blanke stemmer skal reknast som
ikkje avgjevne.
(2) Alle val skal vere skriftlege dersom det ligg føre meir enn eit framlegg, eller det vert
fremja krav om det. Dersom det skal vere skriftleg val, kan berre føreslegne kandidatar
førast opp på stemmesetelen. Stemmesetlar som er blanke, eller som inneheld kandidatar
som ikkje er føreslegne, eller ikkje har det tal det skal stemmast over, tel ikkje, og
stemmene skal reknast som ikkje avgjevne.
(3) Når eit val vert halde enkeltvis, og ingen kandidat oppnår meir enn halvparten av dei
avgjevne stemmene, skal det vere omval mellom dei to kandidatane som har fått flest
stemmer. Står kandidatane likt etter omvalet, vert valet avgjort ved loddtrekking.
(4) Når fleire skal veljast ved ei røysting, må alle ha meir enn halvparten av dei avgjevne
stemmene for å vere valde. Dette gjeld ikkje ved val av varamedlemer. Om ikkje mange
nok kandidatar får dette i første omgang, er dei valde som har fått meir enn halvparten av
stemmene. Det vert så omval mellom dei kandidatane som står att, og etter denne
røystinga er dei valde som har fått flest stemmer. Står nokon likt etter omvalet, vert dette
avgjort ved loddtrekking.
(5) For å vere gyldig må val vere gjennomført i samsvar med NIF-lova §§ 5 til 8.
§ 17 Ekstraordinært årsmøte
(1) Ekstraordinært årsmøte i idrettslaget vert innkalla av idrettslaget sitt styre minst 14
dagar på førehand etter:
a) Vedtak på årsmøtet i idrettslaget
b) Vedtak i styret i idrettslaget
c) Vedtak av styret i overordna organisasjonsledd
d) Skriftleg krav frå 1/3 av dei medlemene i idrettslaget som har stemmerett.
(2) Årsmøte vert innkalla direkte til medlemene eller på idrettslaget si internettside.
Sakliste og nødvendige saksdokument skal følgje innkallinga. Innkallinga kan vise til at
saksdokumenta vert gjort tilgjengeleg på internett eller på annan forsvarleg måte.
(3) Ekstraordinært årsmøte er vedtaksført dersom det møter eit tal medlemer med
stemmerett som minst svarar til talet på styremedlemer vedteke i idrettslaget si lov.
Dersom det ekstraordinære årsmøtet ikkje er vedtaksført, kan det innkallast til årsmøte på
nytt utan krav til minimumsdeltaking.
Side 9 av 10
(4) Ekstraordinært årsmøte i idrettslaget skal berre handsame dei sakene som er med i
vedtaket eller i kravet om innkalling av årsmøtet.
§ 18 Voss HPK sitt styre
(1) Idrettslaget vert leia og forplikta av styret, som er idrettslaget sitt høgste styringsorgan
mellom årsmøta.
(2) Styret skal:
a) Setje i verk årsmøtet og overordna organisasjonsledd sitt regelverk og sine
vedtak
b) Sjå til at idrettslaget sine midlar vert brukt og forvalta på ein forsiktig måte i
samsvar med dei vedtak som er fatta på årsmøtet eller av overordna
organisasjonsledd. Styret skal vidare sjå til at idrettslaget har tilfredsstillande
organisering av rekneskaps- og budsjettfunksjonen, og har forsvarleg
økonomistyring
c) Oppnemna fylgjande tillitsverv, som har møte- og talerett på styremøter:
Fagleg leiar
Greinansvarleg for Ekstremsportveko
Kursansvarleg
Tandemkoordinator
Dugnadsansvarleg
Ansvarleg for politiattestordninga
d) Etter behov oppnemne komitéar/utval/personar for spesielle oppgåver og
utarbeide mandat/instruks for desse
e) Representere idrettslaget utetter
f) Utarbeida klubbretningslinjer (td. kurs, tandem og utstyr)
g) Representantar til ting og møte i dei organisasjonane som idrettslaget har
representasjonsrett som t.d. Ekstreme Voss
(3) Styret skal halde møte når leiaren bestemmer det eller eit fleirtal av styremedlemene
krev det.
§ 19 Grupper/avdelingar/komitear
(1) Valkomiteen skal leggje fram innstilling på kandidatar til alle tillitsverv som skal
veljast på årsmøtet, med unntak av valkomité. Medlem av valkomité som sjølv vert
kandidat til verv, pliktar å tre ut av valkomiteen.
(2) Idrettslaget kan organiserast med grupper og/eller avdelingar. Idrettslaget sitt årsmøte
tek avgjerd om oppretting av grupper/avdelingar, og korleis desse skal organiserast og
leiast. Avgjerd om dette vert gjort i tilknyting til årleg handsaming av idrettslaget sin
organisasjonsplan, jf. § 15 (1) pkt. 9.
Side 10 av 10
(3) Heile idrettslaget heftar for gruppene/avdelingane sine økonomiske plikter og ansvar,
og grupper/avdelingar kan ikkje gjere avtaler eller representere idrettslaget utetter utan
godkjenning frå styret, jf. § 18.
V. ANDRE REGLAR
§ 20 Allmenne disiplinærtiltak, sanksjonar etter kamp- og konkurransereglar, straffesaker
og dopingsaker.
For allmenne disiplinærtiltak, sanksjonar etter kamp- og konkurransereglar, straffesaker
og dopingsaker gjeld NIF-lova kapittel 11 og 12.
§ 21 Lovendring
(1) Endringar i denne lova kan berre vedtakast av ordinært eller ekstraordinært årsmøte i
idrettslaget etter å ha vore ført opp på saklista, og krev 2/3 fleirtal av dei avgjevne
stemmene.
(2) Lovendringar som følgje av endringar i NIF-lova, trer i kraft straks. Lovendringar
vedtekne av idrettslaget sjølv trer ikkje i kraft før dei er godkjende av idrettskretsen.
Godkjenninga er avgrensa til dei reglane som NIF-lova omfattar.
(3) I samband med godkjenninga kan idrettskretsen pålegge nødvendig endring for å
unngå motstrid med NIF sitt regelverk.
(4) Endring i §§ 21 og 22 kan ikkje vedtakast av idrettslaget sjølv.
§ 22 Oppløysing - Samanslåing - Konkurs
(1) Forslag om oppløysing av idrettslaget må først handsamast på ordinært årsmøte. Vert
oppløysing vedteke med minst 2/3 fleirtal, skal det innkallast til ekstraordinært årsmøte 3
månader seinare. For at oppløysing skal skje, må vedtaket også her gjerast med 2/3
fleirtal.
(2) Samanslåing med andre idrettslag vert ikkje rekna som oppløysing av laget.
Vedtak om samanslåing og nødvendige lovendringar knytt til dette skal gjerast i samsvar
med vedtektene om lovendring, jf. § 21.
(3) I fall oppløysing eller anna avbrot av idrettslaget går idrettslaget sine overskytande
midlar etter avvikling til eit føremål godkjent av idrettskretsen. Melding om at
idrettslaget skal oppløysast, skal sendast til idrettskretsen 14 dagar før idrettslaget held
ordinært årsmøte for handsaming av saka.
(4) Ved konkurs vert organisasjonsleddet rekna som oppløyst når konkurs er avslutta og
det misser såleis medlemskapen i NIF.