IMG_1786.JPG

Liaset

Liaset ligg ca. 700 moh  vestvendt start ligg på austsida av Lønavatnet. Ny start opparbeidd i 2012. Flott utsikt! Køyr til høgre ved Tvinnefossen camping, opp mot Kyte, så til venstre mot Lemme. På enden av asfaltvegen er det bomveg, bratt eit stykke. BETAL BOMPENG kr 50. Parkering like ved den nye starten. Gamlestarten er 250 m lenger inne ved stølane, der kan du lett topplande. Ofte rolege vindtilhøve og fine løft her, sjølv om det bles godt på Vangsvatnet. Ypperleg for termisk kveldsheng og topplanding. Også mogleg å finne hang på kant under start, om du ikkje kjem opp. Jorder å lande på under start, men ikkje i veksande grasmark. Evt. kan du krysse dalen og lande ved elveinnløpet til Lønavatnet, attmed ei lita bru til hovudvegen er mark som ikkje vert slått. Pass opp for linjene der også! 

Landing ved flyging frå Liaset

Det er no gitt permanent tillatelse frå grunneigar for å landa nedanfor Nesheimstunet. Det er eit beiteområde på ca 60x200m, flat mark. Grunneigar minner om at grindene skal nyttast når ein går frå landingsområdet mot vegen og ikkje tråkka over gjerdene. Det er ynskjeleg at ein pakkar skjerm utanfor beitområdet. Vis hensyn til dyr som beiter på området og land primært der det er kortast gras. Av hensyn til fuglereservatet som ligg ved Lønaøyene, ber me pilotar å fly siste del av innflyginga på austsida (vekk frå vatnet). Parkering skjer ved sida av vegen ved Nesheimstunet, ver venleg om ikkje fyll opp parkeringa med omsyn til gjester.  
Håpar alle respekterer dette, så får me ei permanent og god løysing mellom oss og grunneigar.
Sjå vedlagte kart og bilete for detaljar.
Om det er spørsmål vedr. landingsområdet så svarer gjerne Einar Såkvitne på dette (tlf 91374972)

 

Dugnad på Liaset (hausten 2012)

Karane Harald Horvei, Erik Røthe Klette og Einar Såkvitne har gjort ein KANON jobb for medlemane våre ved å laga ny start som passar alle trinn og speedriding. Fleire har vore med også, men desse har gjort det meste.

Dette vert den flottaste starten på Voss!