Roger-Brendhagen-loop.jpg (1) Foto: Roger Brendhagen

Flystader på Voss

Voss er ein av dei mest kjende og mest brukte flystadene i Norge. I alle fall på Vestlandet! Det er ikkje utan grunn, for her finn du alt ein paragliderpilot kan ynskje seg:

  • Gondolbane til start på hovudflystaden Hangurstoppen.
  • Austvendt start med hang og termikk.
  • Ca. 770m høgdeskilnad.
  • 2286 moh. høgdebegrensning.
  • Hovudlanding i sentrum ved Vangsvatnet/Minigolfen/Fleischers hotell.
  • Kafé ved landinga.
  • Distansemoglegheiter i mange retningar.
  • Alternative startar på ulike vindretningar.
  • Campingplass 100 m frå landinga.
  • Ein aktiv og triveleg paragliderklubb, Voss Hang- og Paragliderklubb.

Paragliding Thermal Maps

Nettside med kart som viser hotspots, thermals og skyways.

Møtestad landing

Møtestaden for paragliderpilotar er ved hovudlandinga vår, nedenfor Fleischer Hotel. Klubben har ei vogn og benkar som står ved sida av landinga. Her ligg også klubben sin redningsbåt. Bruk av redningsbåt: instruksjonsvideo.

Aust på Hangurstoppen og sør på Hanguren

På Auststarten er det fine startforhold tidleg på dagen, seinare er det best på Hanguren sør. Pass på kabel fra gondolen.

Starten er stor, med god plass til å legge ut mange glidarar på ein gong. Unngå å blokkere startplassen unødig. Er det mange pilotar bør du gjere klar glidaren bakerst på startplassen, så du ikkje hindrar andre.

Skybas er vanleg omkring 1500 - 1800 meter. Over 2000m på dei beste dagane.

Om lag midtveis nede i lia under Hangur sør-start er det eit bratt stup. Her er det siste sjanse å klora seg fast på termisk hang. Må du sleppa taket her er det berre å stikke mot landing, for det er svært sjeldan ein finn noko løft lågare enn dette. Hugs også at du må ha nok høgde til å kryssa busetnad i sentrum. Landing på den grønne, graskledde hylla like over Mølstertunet/museumsområdet er strengt forbode!

Solgangsbris

Ut på ettermiddagen kjem solgangsbrisen. Det gjev sidevind på start og flyging blir både vanskelegere og meir risikabelt. Somme dagar blir solgangsbrisen så sterk at det gjev penetrasjonsproblem på landing. Følg difor alltid med på Vangsvatnet og sjå etter når vinden kjem. Fly ned i tide! (Og om det skulle bli sterk sønnavind, så viser det nesten ikkje på vatnet!)

Hangurstoppen om vinteren

Om vinteren er det ofte hangflyving på Hangurstoppen som gjeld, for då er det gjerne austavind. Då kan vi og ta den fireseters ekspressheisen opp fra Bavallen. På toppen er det ca. 250 meter å gå flatt ut til venstre. Starten ligg over tregrensa, er stor og fin, og krummar passe på kanten. Her er det ypparleg å topplanda. På gode dagar på ettervinteren kan du også få termikk her.

Elles så fins det mange andre flystedar på Voss. Du finn informasjon og bilete under siden "flystader". Etter flyging og landing på Minigolfen er det godt med forfriskningar på utekaféen på landinga. Eller eit bad i Vangsvatnet. Du finn gjerne vossapilotane på Minigolfen der dei slappar av etter flyging. Stikkordet for paraglidarpilotar på Voss er altså Minigolfen!  

Luftrom:

Høgdebegrensinga er 2282moh over Voss, og 3500 øst for flyplassen på Bømoen. Vær obs på at DET ER FLYFORBUDSONE FOR PG OVER FLYPLASSEN. 

Kart over start/landing og vanlige flyruter: LUFTROMSKART LOKALT

Skulle du sjå nokon havne i høgspent, ring nødnummer brann på 110 så rask som mogleg, slik at dei kan kople ut straumen. Voss Energiverk kan også kopla ut straum. Tlf.: 56528350.