Dokument | Meldingar frå styret / møtereferat

Evalueriongsmøte etter veko-0907.08.2009
Øyvind Kindem

Evalueriongsmøte etter veko-09. Tilsades: Arve, Bjarte, Ørjan, Stine, Øyvind, Ove, Christian, Erlend og Anna Helene.

1) NC Acro I år vart det kluss med dugnadslister, viktig at konkurransen har eige dugnadsliste som dei sjølve set opp etter kva behov dei har. Det vart mykje jobb for få personar, om dei same skal arrangere til neste år må det vere fleire folk i organisasjone, stevneleder bør ikkje delta i konkurransen sjølv. Det vart opplevd av friflygarar at acrokonk overstyrte friflygarane, dette er svært uheldig, alternative løysingar vart diskuterte. Landinga på Fleischer er framleis usikker, og kan ikkje brukast som ein sikker plan. Øyivind skal jobbe opp mot kommune for å få til eit opptrekksområde i byrjinga av grandane, det krev litt arbeid i forhold til planering og løyver, men det er er ein varig og god løysing for framtida. Når det gjeld å arrangere NM vert det einighet om at det er viktigare å få til eit NC til som fungerer bra. 2) Informasjon og ulike forbetringar Informasjon ut til klubbane må gå tidleg ut, der må det også opplysast om sms-varsling systemet og at me treng frivilege osv. Kanskje ha sikkerhetsseminar/velkommen til Voss seminar tidleg i veko, slik at pilotar får info om ulike flystyader og kvar dei finn info dei mangler. Klubben kan også på eit enkelt plan prøve å arrangere turer til ulike flystader? Det kan gjerast ved at ein kan bruke sekretariatet som ein base for info under veko sams med sms-varsling, og interresserte i flyging andre stader kan møte opp der til eit visst klokkeslett og så reiser ein ilag? Når det gjeld transport vert det diskutert om det er betre å lage til dette sjølv? Om ein har to bilar som tek 7 personar så kan ein få nokre til å køyre desse under veko? Hangursstarte kan utbedrast, me vert sams om at me kan bruke opptil 50 tusen på dette. Øyvind arbeider opp mot fjellheisane slik at me får lov til å grave litt der oppe. Grunneigarar er bla svigerfar til Øyivind, så der kan han forhåpentlegvis få løye i orden 3) Telt Teltet som me leigde i år fungerte bra. Me kan i tillegg få låne teltet til NLF til neste år. Me seier ja takk begge deler, og går til innkjøp av teltet også. Anna kan prøve å få til billegare pris, evt eit som er brukt til utleige... det kjem på maks 10 tusen. Teltet kan då brukast til booking året rundt. 4) Tamden Det har vore diskutert kva ein skal gjere med piloter som har hendelsar som er uønska av klubben, Ove følger opp dei to pilotane som me meiner dette gjeld. Regelverket for bookinga må også revurderast, slik at ein toler mindre av det som reknast som usikker flyging. 5) Konkurranser Det var i år litt usikkerheit rundt kven som arrangerte konkurranser. Det er viktig å ha ein ansvarleg for kvar konkurranse, kanskje lage litt ekstra ut av t.d flåtelandingskonk og? Høyre med Vanja som alltid flyr tandem på den om ikkje ho vil ta med seg mediafolk på den turen? Kanskje dei som står på flåten kan gjere litt ekstra ut av seg og?? Lønahorgi må også ha ein ansvarleg.. 6) Frivillige Me kan bli flinkare til å bruke av staben til veko, dei har mange folk å ta av! Skal dei som sit med mykje ansvar og mykje arbeid få ei slags ”lønn”? Det tek tid og fritid under veko å ha ansvar, så ei form for belønning er gjerne bra for å trekke folk som gidd å gjere ein innsats, ein kan også høyre med ekstreme voss om det går an å få sponsorpakke med litt kle osv som belønning. 7) Fjellheisane I år har dei fått mykje penger av PG- folket og me stiller oss spørsmålet kva får me igjen? Det vart brukt 2500 kroner for å la heisane gå to timer ekstra, det er ein dyr pris under veko. Bjarte/ Thomas og Øyvind tek saken vidare. 8) Opningssermoni Me bør gjerne fornye oss litt? Om me kunne ha samarbeida med fallskjerm kunne det gjerne blitt ein suksess? Det var i år litt problem med dette, det kan me gjerne ta litt på eige kappe i og med at me ikkje hadde planlagt noko, fallskjermfolket spurde oss tidlegare på dagen kva me var tenkt å gjennomføre, då visste me ingenting. Det seier seg då sjølv at det er vanskeleg å koordinere. Til neste år gjeld det å ha planlagt og vere tidleg ute med å kringkaste det!  Kan ein ha ein ansvarleg for opningen? 9) Anna Flyfart Det var episoder med helikopter/ fly og fallskjermhopperer under acrokonkurransen og i flyområdet til alle friflygarar. Kenneth gjorde ein framdragande innsats som sikkerheitsansvarleg og me ynskjer sterkt at han tek jobben til neste år også. Det å kommunisere med fly via radio er ein komplisert sak som krev kunnskaper i flyspråket.. Erlend tek saken vidare med dei som flaug i området vårt under veko? 10) Publikum Me bør prøve å bli endå betre på publikumsretta aktivitetar, expression session der publikum var dommarar er døme på slike ting. Det er gjerne ikkje så kjekt å berre sjå på folk som flyr enten det er vanleg eller acro. Kan Mikke Mus brukast endå meir, kan me ha lodd dalande frå lufta, skal me satse meir på dagens video?? Medieansvarleg er ynskt å vera Petter Balum, Ove snakker med han om dette 11) Øyvinds ynskje Øyvind ynskjer å ha med dei same på laget til neste år, dei fleste vil stille opp på eine eller andre måten. Men endeleg svar kjem ein tilbake til. 12) YMSE Kan me bruke ekstreme voss og få hjelp til ein opptrekksbåt? Vil/ kan me ha det med tanke på vedlikehald osv? Nettverkskart under veko- greit å ha for overiskt og kontroll. Me må bli betre med informasjon under veko!!! Me går for å prøve å få til ein endå meir avansert distansekonk, kanskje gå for Rongen ynskjer å lage til NC, me støtter han i dette. Breidde under veko er bra Julabord: tre brødre ynskjer p ha oss på julabord!! Me set datoen til 12 desember, Christian høyrer med dei som det kan passe

515 / 542 / 1023869